torsdag 12. februar 2009

♥ Slangebæreren

BOKMELDING AV BOKA ”SLANGEBÆREREN”

Boka eg har lese heiter Slangebæreren, skrivi av Unni Lindell. Unni Lindell er ein av Noregs mest kjente forfattarar og ho er mest kjent for sine krimromanar med førstebetjent Cato Isaksen som hovudperson. Ho har vunne mange prisar for bøkene sine. Boka er gjeve ut i 1996, og forlaget er H. Aschehoug & Co (W. Nygaard), Oslo. Boka er delt opp i utroleg mange kapitla og den består av 408 sider med spenning. Bøkene hennar er oversatt til fleire språk, så ho er ikkje bare populær her i Noreg.

Boka fortel om Cato Isaksen sitt privatliv og om hans liv som trebarns-far frå to forskjellige kvinnelege forhold. Han skilte seg frå sin fyrste kone etter 17 års ekteskap til fordel for ei anna kvinne, noko som gjer at boka ikkje bare handlar om blod og vold – men også om ein vanleg kvardag til ein heilt normal ”mann i gata.” Cato jobbar som førstebetjent i Oslo, og denne jobben har gjort han til ein sliten og forvirra middelaldrande mann. Det fører til etter kvart mange sjølvforskylde konfliktar, som gjer livet enda vanskelegare enn det allereie var. Det er også andre personar i denne boka, som hans unge kollega Roger Høibakk. Han følgjer etter Cato som ein klegg i forkledning, og noterer alt det viktige Cato seier. Han er med på å løyse saken, og framtida hans ser lys ut.

Boka Slangebæreren handlar fyrst og fremst om to mord som sett Cato Isaksen og kollegaene hans på saken. Det er to personar med heilt forskjellig bakgrunn, religion og livsstil. Men. Det er samanhengen mellom drapa som gjer boka spennande - og innvikla på ein positiv måte.
Miljøet i denne boka er Oslo på si gråe og dystre side. Alt er så grått og trist. Mykje av handlinga skjer på kontoret til Cato, som er beskrivi som skittent og lite med røyklukt festa til veggane. Elles er dei også i ein innvandrarbutikk, som også er skitten med mykje ubehagelig lukt. Oslo blir framstilt som eit litt uhygienisk og usselt sted å bu, i alle fall i starten.

Eg meiner at temaet i denne boka er sjalusi, på grunn av kvifor drapa blir gjort. Det er mykje desperasjon og vold som gjer noen ulykkelige kvinner til å tru at drap er den einaste måten for ”eit betre liv”. Sjalusi på grunn av på den ”andre kvinna”, og sjalusi på det livet de ein gong kunne hatt.

Bodskapen som Lindell vil få ut til folket, er at sjalusi og vold kan gjere så folk må gjøre drastiske ting for å forsvara seg. Det er ikkje lett å måtte tolerere vold, og det er heller ikkje lett å lete etter svar når man ikkje har nokon å gå til med spørsmål.

Eg syns Unni Lindell skriver på en måte som gjer at det er lett å forstå alt ho skriv, sjølv om man hele tida hopper frå person til person. Kanskje litt mykje informasjon på ein gong, men man skjønner samanhengen etter kvart. Ho klarar også å bruke forskjellig ”språk”, som da ho skriv om den pakistanske guten, Kim. Da forstår vi med ein gong at han er ein pakistansk gut på 17 år, fordi ho bruker sleng når han snakkar, og beskriv han som aggressiv, nokre dei fleste pakistanarar er.

Eg syns denne boka var veldig spennande, og når eg fyrst begynte å lese, klarte eg ikkje legge den ifrå meg. Eg er glad for at dette er den fyrste krimromanen eg har lest, fordi det som sagt ikkje bare handlar om blod og vold, men også om vanskelige forhold og normale konfliktar. Boka følgde eit mønster som gjorde det spennande å lese for kvart kapittel, og eg trur mykje av grunnen til at eg likte boka så godt, er på grunn av måten Unni Lindell skriv og formulerar boka på. Ho er nå min yndlingsforfattar.

Eg syns boka passer til dei som er mellom 15 og 50 år. Terningkast 6, fordi den rett og slett fikk meg til å stivne i boka, og var utrolig spennande heile vegen. 100 % verdig :)

Ingen kommentarer: